Mobbingens pris

Den norske skulen har i dag eit kjempeproblem. Eit problem som av alt for mange blir sett på som ein bagatell og noko som vil gå over etter ei tid. Eit problem som også har kostet fleire menneskeliv. Problemet eg snakkar om er mobbing.

La det først vere klart. Mange skuler har eit bra opplegg og organisering for å fjerne mobbinga. Fleire skuler har satt i gang ”anti-mobbe” kampanjar som har gitt positive utslag i mobbestatistikken.
Likevel er det store mørketal. Tall som er henta frå elevundersøkingar viser at 60 000 barn og unge vert mobba i dei norske grunnskulane. Endå fleire er det vist me medreknar dei vidaregåande skulane.  Dette er elevar som kvar dag kvir seg til å komme på skulen fordi dei veit at dei kjem til å møte mobbaren igjen.  Med 60 000 utsette elevar, følgjer det også med minst 60 000 mobbarar.  Dette er tal som må bli tatt til etterretning!

Altfor ofte vert ikkje mobbesaka handtert på rettferdig måte av skuleleiinga. Fleire gonger har det skjedd at det er mobbeofferet som må bytte skule fordi skulen ikkje tok grep om saka. Med ein slik politikk vert ikkje offeret i varetatt på ein god måte. Slik vil ikkje me i Framstegspartiets Ungdom (FpU) ha det!

FpU meiner at det er mobbaren, og ikkje offeret, som skal bytte skule vist ikkje skuleleiinga tar grep og fjernar den daglege torturen. Med FpU sin politikk skal skuler med null mobbing premieres og offentliggjørast, slik at det skal lønne seg å ha nulltoleranse for mobbing! Berre slik kan me gjere kvardagen betre for 60 000 elevar!

Skrevet av: Thomas Fonnes, Styremedlem i Nordhordland FpU

Thomas Fonnes